12. desember 2025

Veteranbilar på tur

Nils Aarseth på Hellesylt ved sida av sin Oldsmobile frå 1972.

Søndag 17. august kom fram mot 20 veteranbilar innom Hellesylt.

Av Lars Fivelstad

Det var Ørsta og Volda veteranvognklubb som var på ei utflukt. Dei kom gjennom Norangdalen, og sjåførar og passasjerar slo seg til ved Hellesylt Boutique og Bar for kaffi, is og kaker.
Laget tek av og til slike sosiale utflukter og valde å kome innom Hellesylt denne gongen. Laget har 50 medlemmar, og fram mot 20 bilar var altså med denne søndagen.

Leiar i klubben er Nils Aarseth, og sjølv køyrde han ein speglblank og flott Oldsmobile frå 1972.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →