
Bakevarene til Kjellrun Bortne gjekk unna på Hellesylt Boutique & Bar laurdag. På Hellesylt baud ho på både skulebollar og meir.
Det var folksamt på Hellesylt Boutique & Bar på laurdag. Der var også Kjellrun Bortne, ei dyktig bakedame frå nabobygda og baud på nybaka varer av fleire slag som sjokoladebollar, kanelbollar både vanlege og med brunost, og snikkersbollar som eg fekk smake sjølv og som var gode.
Og varene gjekk unna. Det var knappast om Kjellrun makta å fylle opp salget med bakevarene til dei mange kundane som kom innom Boutiqe & Bar denne dagen.
Slik blir det også fleire helgar i september på kaffibaren i sentrumsgata, heilt fram til laurdag 4. oktober på kanelbollens dag, då bakar Kjellrun med sal på Kyrkjelydshuset like ved.
Kjellrun Bortne er frå Selje, men jobbar fast på kjøkkenet på sjukestova på Stranda. På Hellesylt har ho vore tidlegare og frista med gode bakevarer, fyrste gong i juni då ho leigde kjøkkenet på Kyrkjelydshuset der ho baka og selde mykje av dei same gode varene som no på laurdag. Ho hadde ein stor kundekrets også då med både statsrådar og stortingsmenn som dukka opp mellom kjøparane.
No på laurdag var det mest fastbuande som var innom, men også ein del turistar kom og fekk smake på nylaga go`saker.
Bok om Berlin av Bruland
I oktober blir det boklansering på Hellesylt Boutique & Bar. Då kjem tidlegare NRK-journalist Roger Severin Bruland for å presentere boka si han har kalla «Team Berlin».
Bruland jobba lenge i NRK med kontor i Berlin og rapporterte om saker frå heile Europa. No har han skrive bok om arbeidet og åra i Tyskland, og som han kjem for å presentere og signere på Boutique & Bar laurdag 18. oktober.
