
Bli med på gapahukens dag på gapahuken Holten laurdag 27. september, og som blir markert kvart år i heile landet.
Tekst/bilder tilsendt.
Denne dagen vil Sunnmøre friluftsråd, i samarbeid med frivillige i kommunen, ha arrangement i ein gapahuk i dei fleste av kommunane på Sunnmøre.
– Det er mange flotte gapahukar som har blitt reist rundt om. Dette har blitt både hyggelege treffstader og for mange også eit turmål, seier Philipp Wintermann i Sunnmøre friluftsråd.
På gapahuken sin dag ønsker friluftsrådet å gi merksemd til foreiningar, skular, kommunar og lokale eldsjeler som har sett opp gapahukar i sitt lokalområde.
I Stranda kommune har Sunnmøre friluftsråd valt å markere Gapahuken sin dag på gapahuken Holten i Hellesylt. Og her har vi fått med Sunnylven IL som medarrangør.
– Dette blir ein familietur kor alle er velkomne. Det blir servert kaffi, kakao og noko “småknask”, og det blir duka for bingo. Ordførar kjem og seier Philipp Wintermann.
Oppmøte blir ved parkeringa på “Ellingmyra”, som ligg i første svingen etter avkjøyringa i toppen av boligfeltet, klokka 13. Herfra går vi saman i roleg tempo opp til gapahuken, ein tur på rundt 2 km, med noko stigning.
Meir info om arrangementet finn du her: https://friluftsraadet.no/sider/gapahuken-holten.
Det blir og fleire arrangement i andre kommunar rundt om på Sunnmøre denne dagen. Meir informasjon finner du på friluftsraadet.no.
Vi gler oss, og håpar vi sjåast der!