21. januar 2026

Brannmeister med gode råd om eigenberedskap

Brannmeister i Stranda, Inge Teigen hadde viktig innlegg i Sunnylven kyrkjelydshus om beredskap i ein krisesituasjon, her saman med Gunhild Kvam og Hilde Langlo Brekke. 

Brannmeister i Stranda, Inge Teigen kom med mange gode råd om eigenberedskap på det opne møtet på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag.

Kring 40 møtte fram på temamøtet i Sunnylven kyrkjelydshus der Sunnylven sanitetslag og Sunnylven bygdekvinnelag var arrangørar.
Tema på møtet var eigenberedskap i heimen og eit trykt lokalsamfunn.
Til å orientere om dette hadde arrangørane henta inn brannmeister i Stranda, Inge Teigen. Og det var både god og lærerik informasjon dei frammøtte fekk.

I si orientering til forsamlinga i Sunnylven kyrkjelydshus var Inge Teigen innom fleire ting kring eigenberedskap. Han opna med å kommentere verdssituasjonen og styringa som Sovjetleiar Vladimir Putin driv, og han nemde andre land som heller ikkje var bra, som Kina og Iran.

Ha eit varelager
Kvifor ha eienberedskap, stilte Teigen spørsmålet innleingsvis og heldt fram med å kome inn på dataangrep og bankkonti.
-Vi lever i ei uroleg tid og verda kring oss er full av konflikter. Difor bør vi vere mest mogleg sjølvforsynte i mange dagar av viktige varer. Dette må kvar enkelt ta tak i, for eksempelvis i Stranda som er ei kommune oppdelt i fire bygdelag er det ikkje enkelt å hjelpe og halde alt i gong i ein krisesituasjon. Då er det er viktige ting som må skaffast fram, som vatn, varme og lys, og ikkje minst mat:
-Ha litt ekstra med mat med god haldbarheit av det, råda han.

Beredskap på omsorgssenter
Han var også innom hygiene og anbefalte å ha eit lite lager med dopapir og avfallsposar.
-Er det noko som skjer får vi høyre det på telefon eller radio. Men skulle el-tilførselen vere nede er det viktig å ha ein batteriradio, sa han, og la til;
-Om alt skulle vere ute og vi treng hjelp er nærmaste hjelpa  å få på omsorgsenteret i bygda. Der er det bygd ut med både straumnett og nødtelefon som skal virke.
-Søk hjelp hos beredskapsstyrker og vis omsorg og støtte til dei som måtte trenge det. Og det er alltid greitt å ha nokon å snakke med om det oppstår problem, sa Inge Teigen.
Sist Hellesylt var utan kontakt med omverda var under orkanen Dagmar i 2011.

Vatn og batteri
Brannsjef Teigen var innom fleire ting i si orientering om kriseberedskap på møtet i Sunnylven kyrkjelydshus. Mellom anna dette med å ha nok vatn på lager om tilførelen vart stengt. Plastkanner fulle og tilskruva kan lagrast i fleire månader og vatnet er nesten like godt.
Og skulle straumtilførselen bli borte er det alltid viktig å ha eit lager av batteri å ty til, sa han.

Brannsjef Inge Teigen kom inn på fleire små og store ting med eigenberedskap, det var i det heile ei nyttig orientering å få i tilfelle ein krisesituasjon skulle oppstå.

Også dei to leiarane for arrangørlaga, Hilde Langlo Brekke i sanitetslaget og Gunhild Kvam i bygdekvinnelaget hadde korte innlegg om viktige saker dei to laga jobba for, som omsorg og trygge lokalsamfunn, og matberedskap.
Til slutt vart det servert kveldsmat til heile forsamlinga, rundt 40 fammøtte.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →