8. mars 2026

Deltok i NM rulleskiskyting

 

Elias Helset, går for Sunnylven IL. På Skaret, Molde vart det ein flott 14. plass laurdag.

I løypene på Skaret, Molde vart det laurdag 20. september arrangert NM i rulleskiskyting. Dagen etter på søndag var det fellesstart.

Alle foto: Jørgen Helset.

Sunnylven stilte med tre løparar i NM rulleskiskyting på Skaret, Molde laurdag. Alle gjorde svært gode konkurransar i den skarpe konkurransen, og aller best gjekk det for Elias Helset i M 20-21. Han kom på 14. plass i klassa mellom 36 som fullførte på 10.0 km. Sluttida var 29.36.2, eller 2.11.7 bak vinnaren Leo Skjellaug Gundersen, Geilo IL.

Trym Helset satsar også mykje på skiskyting. På Molde vart det 20. plass.

På resultatlista i klasse M18 finn vi Trym Helset på 20. plass og sluttid 23.46.2. Distansen her var 7.5 km.
Same distanse gjekk Oskar Ringdal i M17. Han vart nr. 26. og fekk sluttid 27.50.6


Fellesstart på søndag.

På søndag var det fellesstart på Skaret: Her vart det 13. plass til Elias Helset i klasse 20/21, 2.38.6 etter Henrik Omland, Nittedal/Team Fossum.
Trym Helset vart nr. 26. i klasse M18 der Abe Tronerud Kvelvane frå Voss vann.
Og i klasse M17 kom Oskar Ringdal på 29. plass, der Kristoffer Schei, Trondhjem skiskyttere var best.

Oskar Ringdal gjekk også godt på Skaret laurdag og vart nr. 26.                 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →