Isa Katharina Gericke
Til helga startar Festspela i Geiranger, i år med femårs-jubileum. Festivalsjef Gunnar Inge Eide gler seg og lovar topp stemning frå fredag til søndag kveld i Verdsarvbygda.
-Velkomen til jubileum og samstemt feiring i Geiranger. Om nokre dagar vert tonen for Festspela i Geiranger sett for femte gong. Det skal feirast med store kultur- og naturopplevingar.
Alt ligg til rette for at jubileumsutgåva av festspela blir den største og mest storslåtte hittil. Publikum frå heile landet, og frå det store utland, er snart på veg til ei feststemt og festkledd fjordbygd. Overnattingsstadane er i ferd med å fyllast opp, men det er framleis mogleg å sikre seg ei seng for helga og ei oppleving for livet.
– Dette blir ei unik og innhaldsrik festivalhelg – med konsertar, jazzparade, møteplassar, festivalgate, fellesskap og den herlege festivalstemninga. Her vil det vere noko for alle, uansett alder, seier festivalsjef Gunnar Inge Eide.
Moddi
Program for store og små
Årets program byr på store namn. Dette er nokre av dei du får oppleve:
Moddi – den kritikarroste musikaren med dei sterke tekstane, som har fylt Nidarosdomen til randa, kjem til Geiranger for å skape ei ny og unik kyrkjeoppleving i lag med strykarar frå Operaen i Kristiansund.
Sigrid Moldestad – ein av våre mest folkekjære felespelarar og songarar, står på scena både åleine og med eit drivande dyktig band.
Isa Katharina Gericke – kjend for si allsidigheit innan kammermusikk og opera vert å høyre fleire gonger gjennom helga. Ho skal gje liv til Beethoven si dramatiske og inspirerande livshistorie, og med seg har ho ei sjølvsikker og snakkesalig dokke, samt pianist Trygve Brøske og strykarar frå Operaen i Kristiansund.
Ho kan også opplevast i ein variert og nær kveldskonsert i pubformat saman med dei same framifrå musikarane.
Tricia Boutté – ein liveartist av dei sjeldne, skal dele scene med Kåre Nymark jr, Kenneth Ekornes, David Gald og Even Skatrud. Rå jazz-, funk- og soulmagi i vente.
Også barneforestilling
Barn og familiar er heller ikkje gløymde, og laurdagen blir eit høgdepunkt for dei yngste. Med barneforestilling, kunstverkstad, jazzparade, barneteater, mini-zoo og hoppeslott mellom aktivitetane har barn og unge ein uforgløymeleg dag i vente.
Og store og små kan kose seg med haustmaknad og eit rikhaldig utval i lokale mat- og handverksprodukt, meir variert enn nokon gong.
Festivalen vert opna fredag med konsert i Geiranger kyrkje – ei ramme som gir både høgtid og nærleik, men tjuvstartar uformelt med musikkbingo torsdag kveld.
Musikkopplevingar i vakker natur
Tidlegare har Festspela hatt verdsstjerner som Arve Tellefsen, Anne Sofie von Otter, Tine Thing Helseth, og i fjor skapte Mari Boine magi for ein fullsett sal. Femårsjubileet byggjer vidare på denne arven, og viser at Geiranger er meir enn ein spektakulær fjord – det er også ein stad for verdsmusikk i særklasse.
– Festspela handlar om å gje publikum store musikkopplevingar midt i den vakraste naturen. I alle år har vi sett korleis artistar og publikum let seg gripe av møtet mellom kunst og landskap. Jubileumsåret blir eit høgdepunkt, avslutter festivalsjef Eide.
Festspela i Geiranger 2025 er tida 25. til 28. september.