19. februar 2026

Fin trimtur til Nedstevassætra

Frå trimtreffet på Nedstevassætra. (Alle foto Lars Fivelstad)

Hausten sitt fyrste trimtreff i Sunnylven IL gjekk til Nedstevassætra søndag. Nær 40 unge og eldre møtte fram til registrering.

Veret var betre enn meldingane søndag då Sunnylven IL trimgruppa inviterte til fyrste trimtreff hausten 2025.
Turen skulle gå til topps på Flofjellet, men då vermeldinga melde mykje regn vart treffet flytta til halvvegs, til Nedstevassætra.

Dit kom unge og eldre i godt turver, både norske, ukrainske, og ordførar i Stranda Einar Arve Nordang. Til saman vart det registrert 39 deltakarar.
Under samlinga på sætra var det loddtrekking og utdeling av premiar, og alle born som var med i naturbingoløypa fekk premie.
Eit vellukka fyrste trimtreff av Sunnylven IL på Nedstevassætra, og der fleire forlenga turen til trimposten i Stigholen før retur til Vollset.

Utdeling av premiar etter trekking, Olianne Sjåstad t.v. og Ragnhild Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →