17. mai 2026

«Fjordafolket» fekk stort frammøte

Kunstnaren Ola Stavseng ved statua «Mor og barn».

Svært mange møtte fram til avduking av «Fjordafolket» ved Norsk Fjordsenter, tre statuer laga av kunstnaren Ola Stavseng. Mellom dei mange var også HKH dronning Sonja.

Laurdag 6. september vart kruna med strålande ver, sol og fleire varmegrader. Mellom mange frammøtte ved Norsk Fjordsenter der statuene av «Fjordafolket» laga av kunstnaren Ola Stavseng skulle avdukast var også dronning Sonja til stades. Også fleire frå kommune -og fylkeskommune var på plass for å oververe høgtida.

Det var sokneprest i Sunnylven og Stordal, Ann Kristin Langeland som leia det heile stødig. Ho opna timen ved fjordsenteret med å minnast Helge Søvik som nyleg gjekk bort. Søvik var aktiv medlem og sette spor etter seg med mellom anna leiarverv i verneorganisasjonen.

Mange stod på lista med helsingsord på uteområdet ved Fjordsenteret, både til organisasjonen og til kunstnaren Ola Stavseng. Fyrst ut var leiar i 50-års jubilanten Storfjordens Venner, Inge Bjørdal, og deretter Kjell Ole Løseth i bautanemnda, før kunstnaren sjølv Ole Stavseng fekk ordet.
Han takka for oppdraget som han hadde utført etter beste evne og laga dei tre statuene i heilfigur. Dei hadde fått namna «Slåttekar», Mor med barn», og «Høybør».

Dronning Sonja og Karl Mjelva beundra statua «Høybør».

Den siste statua vart av duka av dronning Sonja saman med tidlegare hotelldirektør ved Union Hotel, Karl Mjelva, ei flott statue av ein bonde med ei høybør på ryggen, og der dronninga Sonja hadde mange mange gode ord til Storfjordens Venner i si helsingstale.
Men kanskje uttrykte leiar Inge Bjørdal størst høgtid og sa at dette var ein viktig dag for verneorganisasjonen. Han takka dronning Sonja for at ho la turen til Geiranger og Verdsarvbygda og avduka monumentet i lag med eit stort publikum.

Avdukinga og høgtidsstunda ved Norsk Fjordsentet i Geiranger tok omlag ein time, Før avduking og taler spela  Bluhorn Jassband frå Sykkylven og skapte god stemning, og Kjartan Lied saman med Arne Lied på trekkspel framførte songen «Vestland, vestland». Og til sist spela Trond Otto Berg ei for oss ny fanfare på trompet.

Kunstnaren fekk eit måleri i gåve av Storfjordens Venner. Her står han saman med leiar Inge Bjørdal og Kjell Ole Løset. Bak programleiar Ann Kristin Langeland.

Det vart ei høgtidssam og flott opning av «Fjordafolket» ved Norsk Fjordsenter laurdag. Mange gode ord med flotte songar og tonar vart tiltaket til del, noko det avgjort var verd. Det vart ei gild stund for dei mange frammøtte både av turistar, fastbuande og frå nabobygdene, mellom anna frå Sunnylven der heile 61 frå pensjonistlaget la turen til Geiranger laurdag 6. september.

Barneleikarringen frå Hellesylt var også i Geiranger og dansa for Dronninga. Her under opning av «Fjordafolket»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →