21. januar 2026

Flotte festspeldagar i Geiranger

Festspela i Geiranger vart dagar med mange gode minner. Frå fredag til søndag var bygda fylt av gode aktørar som samla stort publikum til minnerike opplevingar.

Dei femte Festspela i Geiranger opna i Geiranger kyrkje fredag kveld. Der fekk eit fullsett kyrkjerom møte artisten Moddi frå nord-Norge, saman med fem strykarar frå operaen i Kristiansund.
I nær to timar varte konserten med fleire sjølvskrivne låtar av Moddi. Det vart ei oppleving for ei fyllsett kyrkje som takka for opplevinga med stor og taktfast applaus.

Ordføraren opna
Festspela i Geiranger vart opna i kyrkja med gode ord frå ordførar i Stranda Einar Arve Nordang. Han rosa tiltaket og han gav anerkjennande ord til sjefen for festspela, Gunnar Inge Eide. Frå kordøra i kyrkja vart det også delt ut rosande helsingsord og blomar frå representant frå Møre og Romsdal fylkeskommune til leiaren for festivalen i Geiranger.

Artisten Moddi imponerte stort. Han hadde ei flott songrøyst som bar både høgt og lavt, han trakterte mest gitaren, men hadde med både eit blåseinstrument og ei munnharpe. Det var storfelt og imponerande å høyre på, noko publikum takka for med kraftfull applaus.
Saman med dei fem frå operaen i Kristiansund som spela eit klassisk stykke av ein kjend europeisk komponist, vart det ei sjeldan kveldsstund i Geiranger kyrkje. Det vart ein opningskonsert som imponerte dei mange og lova godt for det Festivalen hadde å by på ved seinare arrangement.

Gumbo etterpå
Frå kyrkja gjekk  mange rett til Union Hotell der fire musikarar i Gumbo, mange kjente frå Ytre Suløen jazzansamble drog i gong med svingane rytmer i to avdelingar. Med seg på mykje av konserten hadde dei med jazzsaner Tricia Boutte.
Då det kom til dei små timar på ein ny dag takka dei fire og vokalist av for kvelden, til høglydde «protestar» frå den store forsamlinga. Også det eit arrangement med glade folk, og som kveikte god stemning mellom dei frammøtte.

Dagen etter var jazzmusikarane å høyre og sjå i gågata i Geiranger. Der drog dei i gong fleire melodiar og fekk ei lang rad med fans etter seg. Det var festivalstemning i Geiranger.

Mellom mange i følge etter Gumbo såg vi også kjendisen Gaute Gneis og ein annan ven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →