Laurdag 27. september er gapahuken sin dag, noko som blir markert kvart år i heile landet.
Frå Sunnmøre friluftsråd
I samarbeid med mange frivillige, vil Sunnmøre friluftsråd ha arrangement i gapahukar i 12 av kommunane på Sunnmøre og Vestnes.
– Det er mange flotte gapahukar som har blitt satt opp rundt om i regionen vår. Desse gapahukane har blitt hyggelege treffstader og for mange også viktige turmål, seier Philipp Wintermann i Sunnmøre friluftsråd.
I Stranda markerer vi gapahukens dag i samarbeid med Sunnylven IL med eit arrangement på gapahuken «Holten» i Hellesylt. Ordføraren kjem også for å markere denne dagen saman med oss. Det blir felles tur frå parkeringa og opp til gapahuken. Det er ein tur på rundt 1 km med ca 300 høgdemeter stigning.
Oppe ved gapahuken blir det servert kaffi, kakao, pølser, popcorn og noko «småknask», og det blir duka for bingo.
Oppmøte ved parkeringa på “Ellingmyra”, som er merka «Stikk UT» parkering i ein av svingane i toppen av boligfeltet mot Ringdalen.
For meir informasjon om arrangementet på gapahuken «Holten» og andre arrangement på gapahukens dag i regionen finn du på friluftsraadet.no
Vi gler oss til å markere gapahukens dag 27.september, og håpar vi sjåast på gapahuken på «Holten» i Hellesylt!