18. januar 2026

Gaute Gneis besøkte Sunnylven skule

Fantasifiguren Gaute Gneis og «vennene hans» besøkte Sunnylven skule torsdag. I Sunnylven samfunnshus fekk elevar og mange vaksne ei utruleg flott oppleving.

Forestillinga om Gaute Gneis og dei andre frå Fjordheimen har fleire forestillingar i nærområdet denne veka. Dei har besøkt Valldal, på torsdag var dei i Sunnylven og fredag er det Stranda sin tur. Det heile blir avslutta med framsyning og fest i Eidsdal på søndag.

Alle bilder er frå framvisinga på Sunnylven skule torsdag 18. september.

Musikalen med Gaute Gneis frå Fjordheimen vart ei oppleving på Sunnylven samfunnshus. Gjennom fantasi og humor, song og musikk vart publikum tekne med inn i ei forteljing om korleis fjord -og fjellandskapet vart til.
Eit fantastisk samspel mellom aktørane, gode songar og godt språk med flotte kostymer gjorde forestillinga til ei oppleving, ein ugløymeleg time for dei mange, både elevar og vaksne i salen.
Det vart ei sterk påminning om å ta vare på det vakre fjordlandskapet som omkransar bygdene våre og som folk blir fasinert av.

I forestillinga kjem det fram namn på skapningar som eigentleg er bergartar, mineralar, elvar og isbrear, og i forteljinga får ein vere med når Moder Mantel gjev Gaute Gneis i oppdrag å skape Fjordheimen, eit anna namn på det som vi i dag kjenner som verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap.

Vi fekk oss formidla ei fantastisk historie og fekk oppleve ei utruleg flott forestilling på Sunnylven skule torsdag. På søndag 21. september blir det premiere på forestillinga om Gaute Gneis og vennane hans i Eidsdal. Forteljinga er frå boka «Gaute Gneis får eit oppdrag» skrive av Merete Løvoll Rønneberg frå Eidsdal som sjølv spelar Gaute Gneis. Her er også fleire andre med både frå Eidsdal og andre nære bygder, så ta turen og opplev kvifor det er viktig å ta vare på verdsarven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →