14. mars 2026

Gaute Gneis til Hellesylt torsdag

Gaute Gneis er i farta med fleire forestillingar. Gaute og følge kjem til skular i nærområdet, mellom anna til Sunnylven.

På Røde Kors-huset i Eidsdal blir det musikal frå «Fjordheimen» med Gaute Gneis og fleire frå område søndag 21. september.
Dette er ei original oppsetjing frå ende til annan, skriv arrangøren. Her blir det tekstar og songar, musikk, kulisser og kostymer.

Forestillinga er ei familieforestilling med vaksne songarar og skodespelarar, og med elevar frå Stranda og Fjord kommunar.
Men før Eidsdal kjem Gaute Gneis og dei andre aktørane til Valldal onsdag, Sunnylven skule, samfunnshussalen torsdag 18/09 klokka 12.15, og dagen etter til Stranda.

Det er høve også for andre enn skuleelevar å sjå forestillinga som er gratis for alle under 18 år, for eldre er billettprisen kr. 100.-
Oppsetjinga er eit samarbeid mellom Geirangerfjorden og Nærøyfjorden Verdsarv, og er støtta av Unesco.no, Miljødirektoratet og Geirangerfjorden verdsarv.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →