
Mange kom til husttakkefest i Sunnylven kyrkje søndag. Der vart også to små barn, Jenny Kristin og Adrian døypte.
Mange kom til kyrkje på søndag, kanskje mykje av at det var barnedåp av to, Adrian og Jenny Kristin. I tillegg fekk fireåringar og seksåringar sine kyrkjebøker så det var høgtid frå fyrste stund med unge og eldre i prosesjon inn i kyrkja.
«Gud skapte jorda med blomar og strå», ein song Sunnylven kyrkjelyd alltid har brukt på hausttakkefest i kyrkja. Slik vart det også søndag i Sunnylven kyrkje som var pynta med blomar i haustlege fargar av Sunnylven bygdekvinnelag. Det var så ein nesten kjende angen av grøde og vekst i kyrkja.
Preiketeksta som sokneprest Ann Kristin Langeland tala over var kort og klar; «Gjev oss i dag vårt daglege brød» lydde den.
Ho forma gode ord og tankar kring bodskapen, -men kva treng vi utanom grøde?
Vi treng tryggheit for å leve, sa soknepresten.
Ho kom inn på historia om dama som berre hadde litt mjøl og litt olje igjen som ho skulle lage brød av. Ho var kjempetrist fordi ho hadde så lite.
Så kom ein mann forbi som sa; -Lag brød til meg så eg får ete meg mett, då skal du ha meir å lage av seinare. Ho gjorde som mannen sa, og etterpå skjedde det utrulege, krukka og flaska vart aldri tom-.
Det var ei forteljing om tru og tillit, meinte Ann Kristin Langeland, og la til;
Kanskje kan vi feirar det i dag at vi har nok av alt, det daglege brød. Så langt har mjølkrukka og oljeflaska aldri blitt tom, det er sareptas krukker.
Lat oss takke for maten, for haustens grøde og at vi kan feire det saman her, sa ho.
Deretter song kyrkjelyden salmen som alltid er blitt brukt under hausttakkefest i Sunnylven kyrkje; «Gud skapte jorda med blomar og strå».
