
Onsdag 24. september blir det temamøte på Sunnylven kyrkjelydshus om eigenberedskap og eit trygt lokalsamfunn.
Sunnylven sanitetslag og Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til ope møte om eigenberedskap i heimen onsdag 24. september. Møtet er på Sunnylven kyrkjelydshus der det også blir enkel utlodding og servering av kveldsmat til alle til slutt.
Til møtet har arrangøren fått med seg brannmeister i Stranda, Inge Teigen til å orientere om den kommunale beredskapen, i tillegg til at han vil vise fram utstyr som kan vere til god hjelp i kritiske situasjonar.
Frå sanitetslaget blir det informasjon om omsorgsberedskap og trygge lokalsamfunn, og frå bygdekvinnelaget blir matberedskap temaet.
Møtet onsdag 24. september på Sunnylven kyrkjelydshus er ope for alle og tek til klokka 19.00.
Brannmeister i Stranda, Inge Teigen