Mannen som beisa tårnet på Sunnylven kyrkje hang høgt i tau-selen, ein jobb for personar utan høgdeskrekk.
Tårnet på Sunnylven kyrkje treng vedlikehald med visse mellomrom då det er mykje utsett for ver og vind. Då er beis eller måling viktig for at tremateriale på det 28 meter høge tårnet frå bakken til tårnspissen ikkje skal råtne eller få anna skade.
No var veret bra og tysdag var to mann, Jens Arve Forbord og Svein Magne Frøysadal i arbeid med å utføre vedlikehald på kyrkjetårnet.
