18. januar 2026

Liebe Grüße aus Husum!

Klare for avreise

Elevar frå Sunnylven skule er på gjenvisitt i Tyskland i ei veke. Frå lokalkjent reiseleiar Karolin Parthe har vi fått denne reiseforteljinga.

-På søndag stod vi opp grusomt tidleg og pakka dei siste tinga i sekken før vi reiste med bussen til Vigra. Vi tok fly til Bergen og derifrå til Hamburg. For fleire var det første flyturen i livet, og nokre syntest det var litt skummelt, men det gjekk fint. Vi åt lunsj i Hamburg Altona før vi skulle reise vidare med tog til Husum, der dei tyske elevane stod og venta på oss. Vertsfamiliene var veldig hyggelige når dei henta oss på stasjonen. Det var kjekt å endelig møte dei face-to-face, og ikkje bare på snapchat eller whatsapp.

Nokon av oss bur på hotell, så på den første kvelden var det fordeling av sengar og handklede. Låsen på baderomsdøra fungerer ikkje, så vi ordna oss ein lapp. Måndag starta vi dagen tidlegare enn vi er vane med. Trøtte som vi var, møtte vi opp til skulestart kl.07.45. Alle følgde vertssyskena i første timen. Det var litt ulike fag og ymse tema, blant anna endte ei gruppe opp med å fortelje heile timen om Hellesylt fordi læraren var sjuk. Deretter tok vi tog til Tönning. Vi besøkte nasjonalparksenteret Multimar Wattforum og såg på rare fiskar og andre havdyr.

Då vi kom tilbake fekk vi spele pantherball i gymsalen, ein kulare variant av kanonball. Dette må vi spele i gymen når vi kjem heim igjen!

Om ettermiddagen reiste ein del bort til Lara og Tuva. Vi koste oss med pizza og brus. Vi spelte Varulf og blei veldig godt kjent med vertssyskena våre. Elevane som bur på hotellet tok seg ein tur til McDonalds og til Lidl. Det var eit stykke å gå, så denne dagen var dei fleste vel opp i 22000 skritt.

Vi koser oss med pizza, brus og spel i lag med våre tyske vennar.

I dag har dei tyske elevane planlagt ei gatevandring i Husum, så vi håper å bli betre kjent med denne byen. Vi skal også få litt fritid i lag, så shopping står allerede høgt på lista.

Helsing frå ungdomsteget frå Sunnylven skule!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →