Det er i haust kome fram i media at svært mange småfe er drepne av det bønder trur er jerv. Her har vi sett på nokre av reglande for jerve-jakt i Møre og Romsdal.
I mai 2025 fatta rovviltnemnda i Midt-Norge vedtak om felling av jerv i regionen. Det kan fellast inntil seks jervar.
I region 6. som omfattar Midt-Norge er startkvota på eitt dyr fjerna, og lisensfelling av jerv er tillatt innanfor forvaltningsområdet i Møre og Romsdal.
Her kan det fellast inntil seks dyr i jerve-jakta som starta 20. august og varer fram til 15. februar 2026.
Jeger har plikt til å halde seg oppdatert om gjeldande kvote, og skal sjekke kvota før jaktstart.
For oppdatert kvote kan ein ringe tlf. 712 58 502
I tillegg til seks dyr i fylket er det sett ei reservekvote på fire dyr der to skal vere tisper.
Felling av jerv frå denne kvota har visse kriterier som må vere oppfylt.
Statsforvaltaren har teke i bruk SMS-teneste for lisensfelling og kvotejakt. Alle som jaktar på jerv må registrere seg for å motta SMS med kvoteinformasjon om tenesta.
Registrering kan gjerast på https://rovviltvarsling.fylkesmannen.no/
Krav til lisensfelling av jerv.
Dei viktigaste reglane er:
* Lisensfelling krev lisens. Registrering på jegerregisteret.no
* Lisensfelling krev grunneigar sitt samtykke.
* Våpen kan vere både rifle og hagle. Her er visse reglar for ammunisjon og skyteavstand.
* Skyteprøve for storviltjakt må vere avlagt.