20. januar 2026

Moin aus Hamburg

Eit nytt reisebrev frå Karolin Parthe og elevane frå Sunnylven skule på Tysklands-tur. Det vart ei fin og opplevingsrik reise .

-No har vi tatt farvel frå våre vertsfamilier og vertssyskena. Vi har opplevd mange kjekke ting i lag med dei og kjem til å sakne dei.

På onsdag har vi reist til Sylt, ei øy lenger nord frå Husum. Vi kjørte med toget gjennom vadehavet til øya, dette var veldig kul. På Sylt har vi vore ein liten tur i vadehavet. Nokre gjekk barfot, men dei fleste ville beholde skoene på seg. Sylt er øya av dei sinte bussjåførene, for han var ikkje så bli når ei så stor gruppe elevar kom på bussen, pø. Etter vi kom tilbake frå Sylt, møtte alle hos Finni og Jakob. Der har vi vore mange timar og har hatt det kjekt i lag.

I går og i dag er vi altså i Hamburg. Det er masse folk her i denne byen! Vi har besøkt både u-båt og Hard Rock Cafè. I går kveld gjekk vi til parken og såg på “Wasserlichtkonzerte”.

I dag vil vi ta hop-on-hop-off-bussen. Då blir det skikkelig sightseeing, og etterpå får vi gå på shopping. Kanskje vi rekk oss ein båttur på elva også?

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →