Her er det Valldal Hornmusikklag som spelar i gågata under dirigent Evgenii Zukov
Det var mykje folk i gata i Geiranger på laurdag under Festspela. Og når sola la varme strålar over turistbygda var stemninga svært så god over alt.
Gågata i Geiranger var full av salsboder av alle slag. Her var koppar og kar, heimeindustri, diverse spekevarer, og musikk.
Her møtte vi Valldal Hornmusikklag under leiing av dirigene Evgenii Zukov som drog i veg med den eine etter den andre slåtten. Rett så flott og triveleg å høyre på. Slik skal det vere når bygda kallar inn til haustfest. Eller skal vi kalle det sommarfest? I alle fall varma sola rett så godt dei timane ho var der, men fjella er høge i Geiranger så soldagen vart litt kort.

Lenger bort i gata fann vi hoppeslåttet, oppblåst og svært så kjekt for mange av den yngre garde. Triveleg var det også på standen til Stranda frivilligsentral der unge kunne oppleve og prøve seg på fleire ting.
Og om det var tid for eit måltid var tilboda mange av salt, søtt og mettande.
Turen til Geiranger var triveleg. Vi fekk med oss nesten to dagar, eller halve tida av Festspela i Geiranger. Det vart opplevingar vi vil huske både frå konsertar, folkeliv og mange hyggelege kommentar frå kjente og andre. Ei flott levert helg frå turistbygda.