Skodje kyrkjekor imponerte mykje i Geiranger laurdag
Sjeldan har vel salmesong vore betre i Geiranger kyrkje enn på laurdag under Festspela. Der fekk ei stor forsamling høyre Skodje kyrkjekor, leia av dirigent Tom Venås-Gontier.
Den Nynorske salmeboka feirar 100 år og stod i fokus under konsert i Geiranger kyrkje laurdag. Dit hadde Stranda mållag henta Skodje kyrkjekor som song fleire av dei mest kjente songane i boka.
Frå Noregs mållag kom det helsing frå Synnøve Marie Sæter, og Per Halse, professor ved Høgskulen i Volda hadde mange opplysningar og kommentar han bar fram til den talrike forsamlinga.
Skodje kyrkjekor med dirigent Tom Venås-Gontier imponerte mykje i timen i kyrkja. Koret med flest kvinnelege songarar av dei vel tjuge songarane leverte godt i fleire vakre salmar. Kanskje var salmen «Å leva det er å elska» den som imponerte oss mest, men også fleire som «Med Jesus vil eg fara», «Mi sjel, mi sjel, lov Herren», og «No takka alle Gud» vart alle framførte på imponerande vis.
Under kyrkjekonserten var det også mykje allsong med organistar Gunnar Inge Eide og Robert Coates ved orgelet. Det klang godt i den vesle kyrkja når salmar som «Eg veit i himmelrik i borg», og ikkje minst «Fagert er landet du oss gav» tona ut til slutt.
-Tretti sider på billeg papir-, var kommentaren Børge Furre gav den fyrste nynorske salmeboka, fortalde Per Halse. Han hadde mange gode og opplysande kommentar til dei nynorske salmane som er komne på trykk etter at Elias Blix gav ut ein av dei fyrste og mykje kjende «Med Jesus vil eg fara» i 1905.
No er den Nynorske salmeboka rik på vakre songar, ikkje minst etter diktarar som Blix, Bernt Støylen, Landstad og fleire, og blir mykje brukt, sa Halse.
Det var leiar i Stranda mållag, Anders Folkestad som ønska vel møtt og leia den flotte samlinga i Geiranger kyrkje laurdag. Han takka på vegne av mållaget, som delte ut blomar til fleire av ei som deltok i hundreårs markeringa av Den Nynorske salmeboka.
Professor Per Halse fortalde interessant om Den Nynorske salmeboka og om dei mange salmane