Etter ein time med trim smaka det godt med kaffi og litt anna å bite i.
Også i Saniteten si veke trimma damene i sanitetslaget. «Sterk og stødig» heiter aktiviteten dei driv kvar veke i kjellaren på Sunnylven omsorgssenter.
Med bevegelse til musikk går tida fort for damene som møter trufast fram i kjellaren på omsorgssenteret på Hellesylt. Der går «Sterk og stødig» føre seg og slitne og stive musklar blir mjuke og sterke igjen.
-Vi møtest fast kvar tysdag. På det meste er vi 18 – 20 damer, men vi har plass til fleire. Her har vi det triveleg med trimøvingar, og så går praten godt om både laust og fast. Det er rett og slett ein tysdag som vi håper å kunne halde fram med til glede og nytte for oss alle. Det seier Ruth Hole Aaland som var ei av to ansvarleg aktivitetsdamer på trimmen sist tysdag, i saniteten si veke.
Det var sist vinter at trimaktiviteten for damer starta, og i mars kom øvingane i gong med godt frammøte frå heile Sunnylven. Med rettleiing frå kommunal fysioterapeut Abegail blir «Strek og stødig» leia av instruktørar frå Sunnylven sanitetslag. Leiarjobben går på omgang mellom fire av damene. No sist var det Ruth og Anne Marie Ljøen som styrde aktiviteten, neste gong skal Grete Bjørdal og Kari Hauso Stadheim ha jobben i «Sterk og stødig».
– I kjellarrommet på omsorgsenteret deler vi opp aktivteten i oppvarming, kondisjon, styrkeøving, balanseøving, og til slutt nedtrapping. Då er timen over og det er tid for ei lita kaffistund med sosielt prat, fortel Ruth Hole Aaland, og legg til;
-Vi har alltid hatt godt frammøte på øvingane som ikkje er noko form for konkurranse, men der kvar enkelt får vere med på det dei vil og maktar.
Leiarjobben på «Sterk og stødig» går på omgang mellom fire damer. Denne dagen var det Ruth Hole Aaland t.v. og Anne Marie Ljøen som hadde leiarvervet.
Saniteten si veke
Veke 39 er Saniteten si veke der organisasjonen synleggjer det viktige arbeidet som blir gjort i nærmiljøet og kva saniteten står for.
Temaet i år er trygge lokalsamfunn og omsorgsberedskap, saker som Sunnylven sanitetslag og Sunnylven bygdekvinnelag vil belyse på eit ope møte som blir halde onsdag 24. september på Kyrkjelydshuset på Hellesylt. Her får vi møte brannmeister i Stranda, Inge Teigen som orienterer om kommunal beredskap, og vi får høyre frå sanitetslaget og bygdekvinnelaget om trygge lokalsamfunn og matberedskap.
