22. januar 2026

Storfjordens Venner mellom søkjarane

Slåttedugnad på Ytste Skotet.

Storfjordens Venner er mellom søkjarane på Frivillighetsprisen 2025, utdelt av Frivillighet Norge, Kultur -og likestillingsdepartementet og Norsk Tipping.

Det er sendt inn søknad om at Storfjordens Venner får tildelt Frivillighetsprisen for 2025. Verneorganisasjonen har feira 50 år nyleg og er avgjort ein sterk kandidat til prisen.
Den skal gå til ein person, lokal forening eller gruppe som har utmerka seg med frivillig arbeid, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.

Storfjordens Venner har i eit halvt hundre år engasjert seg for å ivareta og restaurere fjord -og fjellgardar langs Storfjorden, eit stort og omfattande arbeid som har gjeve resultat og blitt verdsett av mange.

Det har blitt gjennomført om lag 150 ulike prosjekt desse åra, frå Aursneset til Tafjord, og i Sunnylvsfjorden frå Stranda til Hellesylt og Geirangerfjorden.
Organisasjonen har dugnad og frivilligheit som hovudprinsipp, står å lese i søknaden.
Mellom anna driv Storfjordens Venner garden Ytste Skotet i Fjord kommune der det blir gjort eit omfattande kulturvern innanfor garden sitt ansvarsområde,.

Søknadsfrist på Frivillighetsprisen 2025 er 10. september. Det blir trekt ut ein vinnar mellom tre finalistar med flest stemmer, og vinnaren vil motta 50.000.- kroner frå Norsk Tipping.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →