22. januar 2026

Svelecruise på Geirangerfjorden

Turistferja Veøy går «sveletur» med Sunnylven pensjonistlag ombord laurdag 6. september.

Laurdag 6. september blir det fjordcruise frå Hellesylt til Geiranger og tilbake med turistferja Veøy for alle over 60 + i Sunnylven pensjonistlag.

Etter eit par månader sommarpause er Sunnylven pensjonistlag i gong med arrangement for medlemer i laget. Laurdag 6. september startar det nye året med ferjetur frå Hellesylt til Geiranger og tilbake med turistferja Veøy. Om bord blir det servert kaffi og ei svele på kvar, og både tur og servering er gratis, skriv pensjonistlaget i innbydinga til turen.

Turen er for alle over 60 +, også dei som ikkje er medlemer i pensjonistlaget.
Ferjeavgang frå Hellesylt er laurdag 6. september klokka 11.40, men alle bør møte på kaia seinast ti minutt før avgang, heiter det.

Retur frå Geiranger er med ferje etter eige ønskje klokka 15.00 eller klokka 16.30, står å lese i innbydinga frå Sunnylven pensjonistlag.
Det er inga påmelding til turen. Så møt fram på Hellesylt ferjekai i god tid og bli med på «sveletur» på Verdsarvfjorden.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →