
Søndag 21. september inviterer Sunnylven IL Trimgruppa til trimtreff på Flofjellet. Det blir samling ved skihytta frå klokka 14.00.
Trimgruppa i Sunnylven IL inviterer til fleire trimtreff i året, og denne gongen blir samlinga ved skihytta på Flofjellet. Dag og tid er søndag 21. september ca. klokka 14.00. Med på turen blir også ordførar i Stranda Einar Arve Nordang, står å lese i innbydinga til turen.
Det går fram mot to timar på turen frå parkeringsplassen på Vollset til skihytta der det blir registrering og utdeling av ein del små premiar og naturbingo for born.
Ta med eiga niste og drikke.
Søndagsturen til Flofjellet er for alle, for heile familien, så kryss av på kalendaren og bli med på trim i vakker natur søndag 21. september.