18. januar 2026

Var best mot Hasundgot 2.

Måla rulla inn på Hellesylt stadion torsdag då heimelaget Sunnylven G14 møtte Hasundgot 2. Det enda med heimesiger 6-3.

Sunnylven G14 har halve laget av seks jentar og fem gutar. Torsdag var jentene i fleirtal då to av gutane ikkje kunne spele.
Men jentene gjorde også jobben mot Hasundgot 2 som vart sende heim med tap 6-3.
Og det var Tora Rusten som opna skoringane for heimelaget like etter avspark. Deretter donka Fredrik Fivelstad Stadheim inn 2-0 før gjestane reduserte. Hasundgot 2 la også på enno eit mål til 2-2, før Kristen Ringdal gjorde sitt mål og 3-2 på ei kanon frå langt hald.
Det var pauseresultatet då domar Odd Even Svindseth, VRF bles for kvile.

I andre omgang heldt Sunnylven G 14 fram med å donke inn mål. Jakob som stod i mål i fyrste omgang og bytta «jobb» med Kristen i andre dundra inn 4-2. Deretter var det Tora igjen som gjorde 5-2 før bortelaget reduserte, men like for slutt la Tuva Marie Korsbrekke på til 6-3 som vart sluttresultatet i ein flott kamp for Sunnylven.

Dette var fjerde kamp for laget i haustsesongen. Andre kamp mot Skodje gjekk ikkje bra, men deretter vart det siger 6-5 mot Eidsdal i tredje kamp.
Det er å håpe at laget blir fulltallig til neste kamp som er mot Ørsta 3. den 30. september i Kiwihallen.

Desse spela kampen mot Hasundgot 2:
Jakob, Tora, Terese, Erle, Fredrik, Julie, Tuva, Ane, Kristen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →