17. mars 2026

Vaskehallen blir rive

Den store gravemaskina med Svein Erik Dale ved spakane riv vaskehallen, det store betongbygget og sorterer byggevarene.

Møre Miljøsanering AS er i gong med å fjerne vaskehallen som stod igjen etter at deler av meieriet på Hellesylt vart rive i 2016.

I 1995 tok drifta av Sunnmøre meieri, avd. Sunnylven slutt. Nokre år seinare reiv Møre Miljøsanering storparten av bygget og den høge meieripipa, men vaskehallen for tankbilane stod igjen.
Slik har betongbygget, kledd med teglstein stått i alle år sidan rivinga i 2016. Eit lite vakkert bygg på ei elles fin og ryddig flate.

No er Møre Miljøsanering på plass igjen og utfører rivearbeidet. Alt blir sortert, metall, isolasjon og betong blir samla kvar for seg og køyrd vekk.
Med ei stor gravemaskin gjekk arbeidet godt unna då vi var innom på onsdag. Truleg går det ikkje mange dagane før det heile er borte og flata ved Hellesyltfossen er utvida.

At vaskehallen blir fjerna er nok mange glade for. Den har fått mange negative kommentar dei siste åra.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →