16. februar 2026

Vaskehallen er borte.

Den store vaskehallen er borte, berre golv og grunnmus står igjen.

Vaskehallen som stod igjen etter Sunnmøre Meieri si avdeling på Hellesylt, eit skjemmande bygg og uttrykt for forbipasserande er borte.

I vel ei veke har Miljøsanering AS jobba med riving av vaskehallen på meieritomta i Sunnylven. Bygget vart ståande igjen då det meste av meieriet vart rive i 2016, men no er det borte.

-Det gjekk greitt å rive bygget, fortel maskinkøyrar i Møre Miljøsanering AS, Kenneth Fjellseth Emdal. Han har styrt spakane på den store gravemaskina og sortert betong, jarn og anna kvar for seg. Alt blir køyrd vekk og dompa på godkjent stad, fortel han.

Det var for omlag ei veke at Sykkylvs-firmaet starta på jobben, og sjølv om vegger og tak er borte er der ein del igjen av bygget, som mur og golvflate igjen.  Også det vil ta si tid, for Emdal er imponert over armeringa av grunnmuren, der er det ikkje spart på kamstålet.

Det er Flakk Eigedom som eig tomta der det tidlegare Sunnylven Meieri stod. Kva det store arealet skal brukast til no er ukjent. Til dagleg har bilar og bussar funne seg parkeringsplass her.

Bygget var godt armert som ein kan sjå av bildet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →