18. november 2025

Til Lensmannsstova

 

 

Musikarane Britt Pernille Frøholm t.v. og Kristina Farstad Bjørdal kjem til Lensmannsstova med konsert 12. oktober. (Foto: Andras Hajdu)

Søndag 12. oktober kjem Britt Pernille Frøholm og Kristina Farstad Bjørdal med konsert i Lensmannsstova. I tillegg blir Gunnhild Sindre og husvert Synnøve Hjellbakk Hole med og formidle historia om Betty Mouat.

Søndag 12. oktober blir det ny konsertoppleving i Lensmannsstova på Lillebø. Då inviterer (harding)felespelar Britt Pernille Frøholm og trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal publikum på ei dramatiske forteljinga, om Betty Mouat – kvinna frå Shetland som i 1886 vart drivande åleine over Nordsjøen etter at seglet på båten hennar rivna sund i sterk vind.
Ho skulle berre til legen i Lerwick, men havna i staden på ei farefull ferd, heilt til Lepsøya på Sunnmøre.
Mot alle odds overlevde ho, og historia hennar står framleis som eit sterkt vitnesbyrd om uthald og livsvilje.

Gjennom konsertprogrammet «Betty Mouat – med revna segl over Nordsjøen» formidlar Frøholm og Bjørdal historia gjennom eit sterkt musikalsk samspel. Når hardingfele møter det rytmiske drivet frå trekkspelet, oppstår eit lydbilete som spenner frå det rå og stormfulle til det stille og vare – som sjølve havet Betty kryssa.

Under konserten i Lensmannsstova blir i tillegg to frå dei legendariske Honndalstausene, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole med, felespelarar som vil tilføre konserten både kraft, tradisjon og særpreg.

Det blir ei konsertoppleving der historie, lokal forankring og levande folkemusikk smeltar saman, og inviterer alle til å ta del i den dramatiske reise over Nordsjøen – midt i Hellesylt-bygda.
Konserten er søndag 12. oktober klokka 19.00 i Lensmannsstova, Lillebø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →