19. november 2025

Arrangement på Honndalsætra

Laurdag 11. oktober blir det ope arrangement på Honndalsætra med markering av Friluftslivets år og Verdensdagen for psykisk helse!

På Honndalsætra 11. oktober blir det aktivitetar for barn, mykje godt program og sal av rømmegraut. Der blir Friluftslivets år og Verdensdagen for psykisk helse markert med innslag av både kåseri, song og musikk mellom klokka 12.00 og 15.00.
Etter velkomst blir det song av Evelyn Haugen, og deretter musikalske innslag av Britt Pernille Frøholm på fele og Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Det er planlagt at tilkomst til sætra blir med spasertur og start frå Horndøla bru klokka 12.00, men om ein ikkje klarer å gå kan ei køyre heilt til sætra, skriv arrangøren Hornindal frivilligsentral, og legg til;
-Ta med eigen kaffi, vi spanderer saft til maten.

Arrangementet er i samband med friluftslivets år 2025, og blir støtta av Sparebankstiftinga.

SISTE: Grunna dårlege vermeldingar er arrangementet på Honndalsætra flytta til SMIA!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →