Sølta, tørka og dampa saudehaud er delikatessa Sunnylvsbygda grendalag byd på laurdag 1. november, og mange har meldt seg til festmåltidet på Sunnylvsbygda grendahus.
Det nærmar seg ein ny saudehaudfest i Sunnylvsbygda grendahus laurdag 1. november kl. 20.00.
Denne kvelden opnar dørene i grendahuset på Hauge for årets store fest med god servering av fast og flytande, triveleg prat og dans til slutt.
Det er sendt ut flygeblad i postkassene og mange har alt meldt seg på. Men arrangør Sunnylvsbygda grendalag har plass til fleire og ønskjer påmelding snarast råd for å berekna kor mykje som må kjøpast inn og som skal tilberedast.
Skulle det vere nokon som ikkje ønskjer den spesielle «delikatessa», har arrangøren også andre go`saker å by på. Ingen skal gå svoltne heim frå festen i Sunnylvsbygda grendahus.
Meld deg på innan 30. oktober til;
Olav Lade, mob. 918 93 177
Oddbjørg Stadheim, mob. 408 41 702
Mat og dans kr. 350.-, kun dans kr. 150.-
Velkomen!
