
Bak frå v; Malin Olsvik Wollstad og Stefan Olsen.
Med Ålesund Folk Festival kjem eit nytt kulturinitiativ fram, ein festival som vil gje folkemusikken ein ny heimstad – og til eit heilt nytt publikum.
Det er eitt år til, i september 2026, men alt no blir det spalteplass til ein ny festival med motto «Folk til folket». Det handlar om folkemusikk, tradisjon, men også om fellesskap, fornying og møtet mellom generasjonar. Slik står å lese i meldinga vi har motteke frå folket bak festivalen.
Festivalen vil kombinere konsertar, kurs og møteplassar. Programmet vil spenne frå heilt tradisjonell norsk folkemusikk, via internasjonale impulsar, til eksperimentell folkemusikk.
I tillegg blir det kurs spesielt retta mot unge utøvarar, som får høve til å lære av erfarne musikarar og møte andre med same interesse.
– Vi trur folkemusikken har ei kraft som kan nå mykje breiare enn den gjer i dag. Vår visjon er å skape ei oppleving som både respekterer dei eldste tradisjonane og samstundes inviterer til nye møte. Festivalen skal vere ein port inn i musikken for kven som helst – og ein fest for alle som alt kjenner og elskar han, seier Kristina Farstad Bjørdal, festivalsjef i Aalesund Folk Festival.
I arrangementet har ho med seg medeigar i Fabrikken Kulturscene, Stefan Olsen, og den velrennomerte spellemannen og kursleiaren Jan Beitohaugen. Dei jobbar hardt med å fylle festivalen med både konsertar, fest, og fagleg innhald. – Det skal vere noko for alle!, seier ho.
Andre som støttar satsinga er Malin Olsvik Wollstad og Marius Berglund.
Ålesund skal bli del av det nasjonale festivallandskapet for folkemusikk, men med ein tydeleg eigen profil: ein kyst- og byfestival som både speglar dei lokale røtene og knyter kontaktar utover landegrensen, heiter det i meldinga.