19. november 2025

Fjelltrimmen 2025

Trimpost ved Nedstevatnet

Trimpost ved Nedstevatnet.

Fjelltrimmen med Sunnylven IL er avslutta for 2025, og Sunnylven IL har trekt ut vinnarane av fleire oppsette premiar.

Mange deltok i fjelltrimmen det siste året, og frist var sett til 15. oktober for å levere skjema og delta på premiering.
Trimgruppa i Sunnylven IL hadde ute 25 postar i 2025, med belønning frå 3 til heile 20 poeng.
Ni postar hadde tre poeng, same antall hadde fem poeng, og tre hadde åtte. Størst poengfangst fekk dei som gjekk til Åsenakken med 10 poeng, Ringdalsegga med 12 poeng, Steimsnibba 15 poeng, og aller flest fekk dei som besteig Nokkenibba, 1380 m.o.h. med 20 poeng.

Det var Bjørn Rusten som sanka aller flest poeng i 2025, deretter kom Jørgen Wollsæter og Odd Jostein Bjørdal.
Etter trekning fekk desse premiar av trimgruppa;

Besøk på alle postar:
Anne Karin B. Ringdal. Gåvekort.

Vaksne med meir enn ti postar;
Odd Jostein Bjørdal, gåvepose med varer frå Orkla.

Vaksne blant alle som leverte skjema;
Ragnhild Stadheim, gåvepose med varer frå Orkla.

Barn med flest poeng;
Fredrik Fivelstad Stadheim, gåvekort.

Barn med meir enn ti postar;
Ane Brenne Ringdal, gåvekort.

Barn mellom alle som leverte skjema;
Siv Anita Nessan, gåvepose med varer frå Orkla.

Gratulerer til alle spreke vinnarar! skriv trimgruppa i Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →