18. november 2025

Frå Vømmøldalen til Irland

Aktørar til konserten i Sunnylven samfunnshus søndag 2. november. Frå venstre; Leiv Prestvik, Britt Elise Skram, Bjarne Sjåstad, Oddbjørg Stadheim, Jostein Ringdal og Olav Elling Gausdal.

Det lokale bandet Fossedur held konsert i Sunnylven samfunnshus søndag 2. november. Arrangør er Sunnylven pensjonistlag.

«Frå Vømmøldalen til Irland» har Fossedur sett som tittel på konserten og den musikalske reisa på Sunnylven samfunnshus søndag 2. november klokka 15.00.
Der held musikarane i det lokale bandet og gjesteartistar konsert i to økter og håper på fullsett hus.

Aktørane i Fossedur har førebudd seg godt til søndag og har hatt fleire øvingar i Tronstad grendahus. Der var hellesylt.info til stades på ei av øvingane og vart imponert. Utan å love for mykje vågar vi å antyde at dette blir ein flott musikalsk ettermiddag på Sunnylven samfunnshus.

Musikarar i Fossedur er;
Olav Elling Gausdal, sang og gitar
Bjarne Sjåstad, keyboard,
Jostein Ringdal, slagverk.
Med på konserten er også; 
Leiv Prestvik, på strengeinstrument og kjent frå Vømmøl.
Britt Elise Skram, folkemusikar på fele.
Gjesteartist og vokal på fleire songar er Oddbjørg Stadheim.

Det blir pause midtvegs i konserten med lynutlodding, og sal av kaffi, kaker og saft.
Alle er velkomne til ein triveleg søndag ettermiddag, skriv arrangør Sunnylven pensjonistlag i innbydinga.

Billettpris til konserten er kr. 200.- for vaksne, born går gratis.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →