18. november 2025

Fullt under konsert i Lensmannstova

Musikarar i Lensmannstova søndag. Frå venstre Gunhild Sindre, Britt Pernille Frøholm, Svein Nesje, Kristina Farstad Bjørdal og Synnøve Hjellbakk Hole.

Det var fullsett i Lensmannstova søndag kveld. Der fekk publikum møte gode musikarar i ein variert konsert på fele og trekkspel.

Konserten i Lensmannstova på Lillebø opna med gjenklang i tømmervekkane søndag kveld. Der drog fire dyktige felespelarar, Britt Pernille Frøholm, Gunnhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole, Svein Nesje, og i tillegg Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel i gong konserten med melodien Lensmannshjarte. Ei feiande flott opning på ein imponerande konsert i Lensmannstova.

Deretter vart det lystige tonar frå Britt Pernille og Kristina. Dei to hadde sett seg inn i historia om Betty Mouat, kvinna frå Shetland som kom ut for ein storm på havet og dreiv ni dagar i uvisse. Til slutt landa ho på Lepsøya på Sunnmørskysten og overlevde stormen som ei av dei få ombord i båten, ei nesten utruleg historie frå verkelegheita.
Til denne dramatiske hendinga er det skrive fleire musikkverk som dei to musikarane framførte fleire av på fele og trekkspel.
Med nesten attletne auge og med smil om munnen framførte dei to musikarane Britt Pernille og Kristina fleire av dei flotte låtane. Det var dramaet ute på havet som kom til kjenne både i tonane og måten dei vart framført på. Ei sterk historie i vakre tonar som fanga publikum.

Det vart ein flott konsert i Lensmannstova av Britt Pernille Frøholm t.v. og Kristina Farstad Bjørdal.

Men konserten hadde også fleire slåttar enn dei som omhandla dramaet til Betty Mouat, publikum fekk også høyre alt frå litt saktmodig til feiande flotte rytmer der det svinga i livat dansemusikk. Det var rett så triveleg å vere til stades på konserten i Lensmannstova, og publikum takka for det heile med applaus, så lang og god at dei to måtte fram med eit ektranummer.

No reiser historia og musikken om Betty Mouat vidare med Britt Pernille Frøholm og Kristina Farstad Bjørdal dei neste vekene, mellom anna til Ålesund og Ørsta.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →