På bildet frå Hellesylt 2017 ser vi frå venstre Åsmund Nordstoge, Karl Kristian Langeland, Knut M. Olsen, Jan Ove Tryggestad og Trygve Slagsvold Vedum.
Generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen sluttar, og partiet må finne seg ein ny.
I 15 år har Knut M. Olsen hatt jobben som generalsekretær i Senterpartiet. No har han sagt frå at han ønskjer å gje seg i jobben, og partiet må finne ein ny i hans stad.
Knut M. Olsen har vore mange stader i landet, også på Hellesylt. Det var i juli 2017 at bussen med SP-toppar køyrde frå Kirkenes og sørover i landet med stopp fleire stader. Hellesylt var eitt av stoppepunkta på turen, og her møtte hellesylt.info fleire og fekk bilde av mellom anna partisekretæren.
Turen frå Kirkenes var eit opplegg for å kome nær folk og gjerne by på ein kopp kaffi.
-Det gjer at vi kjem i prat med folk om det som opptek dei. Nettopp det er noko av det viktigaste med turen, sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum.
