Styret i Sunnylven bygdekvinnelag, frå venstre; Grete Bjørdal, Gunhild Kvam, Lisbeth Lervik Helset, Liv Norunn Langeland Runde og Astrid Tronstad Dyrkorn.
Sunnylven Bygdekvinnelag hadde eit svært aktivt år i 2025 med mange arrangement. Også det økonomiske resultatet vart godt.
Sunnylven Bygdekvinnelag hadde årsmøte i Røyrhus grendahus 30. oktober. Der møtte mange og fekk framlagt eit godt driftsår for laget i 2025.
Bygdekvinnelaget auka talet på medlemer til 35 siste år.
I november i fjor starta fleire damer med lefsebaking til julemessa på Hellesylt, eit arbeid som har blitt tradisjon i laget. Salet av lefser gjekk godt, og også adventskalendaren for laget vart utseld.
I 2025 har laget arrangert og delteke på fleire samlingar, både åleine og saman med andre lag.
I februar var det meir lefsebaking, då for norske og spanske elevar på Stranda vidaregåande skule.
Seinare same månad vart det balldag på Sunnylven skule for omlag 60 elevar og mange lærarar.
På kvinnedagen 8. mars kom Eli Anne Tverrgrov til lunsjbord og utlodning på Hellesylt med foredrag om kvinnelege fjellpionerar, og to månader seinare var det vårmøte på Tronstad grendahus.
I mellomtida hadde Gunhild Kvam, Liv Norunn Langeland Runde og Grete Bjørdal vore på årsmøte for Møre og Romsdal Bygdekvinnelag i Ørsta.
Med på Sommardagar
I juni vart det så førebuing til Hellesyltdagane med baking av lefser, og seinare på sommaren vart det arrangert dagar på badestranda i samband med Friluftslivets år.
I september arrangerte Bygsdekvinnelaget sopptur på Karbøen før det vart samling på badestranda saman med Fjellrosa 4H. Omlag 40 – 50 deltok på arrangementet.
Seinare same månad hadde laget eit møte om beredskap saman med brannmeister Inge Teigen på Sunnylven kyrkjelydshus. Her vart det servert kveldsmat med utlodning.
Og til hausttakkefesten i Sunnylven kyrkje pynta Sunnylven bygdekvinnelag kyrkja med blomar og markens grøde.
Godt arbeidsår
Alt i alt må ein oppsummere 2025 som eit aktivt år for Sunnylven Bygdekvinnelag, skriv laget til slutt i årsmeldinga:
Laget kom ut med eit økonomisk overskot på knappe kr. 28.000.- i 2025.
Under val på årsmøtet vart det attval på heile styret. Det er;
Leiar: Gunnhild Kvam
Nestleiar: Liv Norunn Langeland Runde
Kasserar: Astrid Tronstad Dyrkorn
Studieleiar/Lageransvarleg: Lisbet Lervik Helset
Skrivar: Grete Bjørdal
