Laurdag får alle som handlar på Joker, Hellesylt ein liten go`bit på kjøpet. Der er damer frå soknerådet og byd på kaffi og meir.
Kjekke damer frå soknerådet kjem innom Joker på Hellesylt på laurdag mellom klokka 11.00 og 13.00 for å dele ei lita glastund med handlande. Der inviterer dei på kaffi, deler ut lys og inviterer til gudstenesta i kyrkja på søndag klokka 20.00.
Ei rett så hyggeleg stund med mykje hjartevarme møter alle som kjem innom daglegvarebutikken den dagen.