18. november 2025

Kan bli Høgre-leiar

Nikolai Astrup har vore i møte med valkomiteen i Høgre om leiarjobben i partiet.

Nikolai Astrup vil bli leiar for partiet Høgre. Det har han uttala etter møtet med valkomiteen i partiet.

Partiet Høgre leitar etter sin nye leiar etter Erna Solberg.
Søndag melde VG at Nikolai Astrup var i møte med valkomiteen i Høgre om jobben som ny partileiar.
Etter møtet har han uttala at han ønskjer å bli partiet sin nye leiar.

Astrup har tent Høgre i mange år, heilt frå 2009 då han kom inn på Stortinget. Seinare vart han fleire gonger statsråd i departement i regjeringa til Erna Solberg.

I 2021 var Nikolai Astrup på Hellesylt der han fekk sjå, og mellom anna bli orientert om cruisenæringa og ombygging av Grand Hotel som då pågjekk.
Om hotellet vart han fortalt at det skulle stå ferdig og opne i 2023, men det vart ikkje noko av.
Om han blir Høgre-leiar etter Erna Solberg, ja det får vi avvente og sjå.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →