18. november 2025

Korsbrekke elveeigarlag får fange stamfisk

Her fangar elveeigarar stamlaks i Steimshølen i Korsbrekkeelva. Arne Korsbrekke t.h. og Glenn W. Stadheim. (Foto frå arkivet)

Korsbrekke elveeigarlag fekk nyleg løyve til igjen å fange stamfisk og avle fram lakseyngel i klekkeriet i Husøyna. Vedtaket kom seint, men gledeleg seier leiar i elveeigarlaget.

Torsdag jakta ivrige laksefiskarar etter stamlaks i Steimshølen i Korsbrekkeelva. Fangsten kunne vore betre, seier leiar i elveeigarlaget Jørn Stadheim på telefon, men han trur dei skal få fram mykje yngel sjølv om det er seint på hausten alt.
Etter at elveeigarlaget fekk løyve til å avle fram yngel i klekkeriet i Husøyna har det blitt fiska med både stang og kastenot etter stamlaks, fortel Stadheim.
Torsdag var 12 – 15 ivrige laksefiskarar på nytt i elva for å fange inn han -og ho-fisk med kastenok, fisk som skal bidra til yngel og seinare til godt laksefisket i Korsbrekkeelva om nokre år igjen.

-Totalt har vi no rundt 20 han -og ho-fiskar i damanlegget ved klekkeriet. Det er litt lite ho-fisk enno, så det vil bli gjort eit nytt forsøk seinare, seier Stadheim.
Han ser på vedtaket om å få produsere og setje ut yngel i Korsbrekkeelva som svært viktig. Elva har svært få naturlege gyteplassar, så yngel frå klekkeriet i Husøyna er avgjerande for god tilgang på fisk, seier han.

Ved klekkeriet i Husøyna har det årleg blitt avla fram rundt 100.000 yngel på det meste. Jørn Stadheim håper at dei greier eit liknande resultat også i haust.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →