18. november 2025

Markerte eldredagen

Asbjørn Tryggestad og Askjell Molvær underheldt med kåseri og musikk på eldrefesten i Sunnylven.

Søndag 5. oktober markerte Sunnylven pensjonistlag eldredagen 2025 på Sunnylven kyrkjelydshus. Mange møtte og fekk både god servering og underhaldning.

Mange kom til det opne møtet på Sunnylven kyrkjelydshus der eldredagen 2025 vart markert litt i ettertid. Sunnylven pensjonistlag var arrangør og her baud laget på både god servering og godt program.
Som tradisjonen har vore på eldredagen vart det også denne gongen servert fårikål til rundt 72 frammøtte, eit måltid som smaka godt også søndag.

Det var leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland som med gode ord ønska vel møtt til forsamlinga. Søndag kunne ho invitere velkomne til også ein kåsør og ein musikar som begge gjorde dagen triveleg.

I tillegg orienterte ho om opplegget pensjonistlaget har for møteverksemd ut over hausten. Alt om ei veke, på laurdag 11. oktober har laget ope arrangement på Kyrkjelydshuset med gratis servering av kaffi, sveler og vaflar, der blir ein spanande loppedisk, og det blir orientering om arbeidet framover i Sunnylven pensonistlag.
Og på søndag 2. november blir det konsert på Sunnylven samfunnshus med Fossedur og gjesteartistar, fortalde Astrid Langeland.

Kåsør på eldrefesten var Asbjørn Tryggestad, utflytta sunnylving, men som stadig er heime i si gamle heimbygd der han har hytte. Han fortalde og kåserte om den lokale skalden Ivar Ringdal  som døde i 1983, berre 67 år gamal.
Som bonde på Ringdal la diktaren bak seg ein rik literer skatt der han på garden fekk inspirasjon til innhald som han forma til spesielle og innhaldsrike dikt. Mange av dei framførte Tryggestad i si forteljing om «skalden» Ivar Ringdal.
-Ivar var ein drøymar, men også ein alvorsmann. Han søkte etter forståing og hjelp, men var sjølv ein humorist. Og ingen omtala betre si eiga gravferd enn Ivar, sa Asbjørn Tryggestad og siterte frå eitt av dikta hans;
-eg fekk ikkje høyre presten si tale,
det er så forgale.

Andre gode innslag under programmet på eldrefesten fekk forsamlinga av pianist Askjell Molvær. Også han hadde teke turen til Hellesylt på eldredagen og bidrog med fleire flotte melodiar på piano, både folketonar frå nære bygder til Sunnylven, og av kjente komponistar som Edvard Grieg.
Begge dei to tilreisande aktørane hausta stor og god applaus for bidraga.

Når Sunnylven pensjonistlag feirar eldredagen blir det servert fårikål med poteter og anna tilbehør. Eit velsmakande måltid også denne gongen.
Og til dessert var det riskrem og kaffi.
Så var det åresal og loddtrekking til slutt der gevinstane var spekemat og andre gode matvarer.
I det heile ei flott og vellukka feiring av Sunnylven pensjonistlag på eldredagen 2025.

Leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →