18. november 2025

New Orleans-rytmer på Hellesylt

Kåre Nymark t.v. og Askjell Molvær heldt ein flott konsert i daglegstova ved Sunnylven omsorgssenter.

Musikarane Kåre Nymark og Askjell Molvær besøkte Sunnylven Omsorgssenter fredag. Der vart det friske tonar frå New Orleans på piano og trompet.

Sist fredag vart ei flott stund på Sunnylven omsorgssenter med musikalske rytmer frå New Orleans. Dit kom to musikarar frå Sula, Kåre Nymark og Askjell Molvær med sin minikonsert dei hadde besøkt fleire stader i indre fjordstrøk med, både Valldal, Stordal, Liabygda, Stranda og no til sist Hellesylt. Minikonserten på Hellesylt var arrangert av Frivilligsentralen i Stranda og Festspela i Geiranger, og økonomisk støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Ragnhild Stadheim frå Frivilligsentralen opna samlinga og ønska 12 – 14 pensjonærar og dei to musikarane velkomne til konsert i daglegstova på omsorgssenteret. At så kjente musikarar kjem til eldresenteret på Hellesylt er ikkje dagleg dags, men desto flottare for bebuarar og pårørande. Det vart ei gild musikalsk stund med mange kjente rytmer.

Kåre Nymark stod for presentasjon av dei musikalske go`bitane frå New Orleans. Dei to opna med «Basin Street Blues», før dei heldt fram med «I scream, you scream, we all scream for icecream».
Deretter roa dei to litt ned med «Smile».

Litt moroprat vart det også tid til når Askell framførte neste song på piano. Han hadde kome over eit noteark, ei kabaretvise frå eldre dagar som han hadde teke med og som hadde tittelen «Jeg elsker ditt smil og din latter». Etter kvart vart den omdøypt til «Jeg elsker din bil og din datter»!, fortalde han. I alle fall vart melodien framført vakkert og stemningsfullt av dei to.

Ordet smil gjekk mykje igjen i tittlane til songane dei to spela og slik vart det også i den neste av Louis Armstrong med tittelen «When you smile». Deretter kom ein New Orleans-salme, «Nearer My God to Thee», og så «Love Will Find a Way».

Leiar i pårørandeforeninga, Ruth Hole Aaland takka for den flotte konserten.

Leiar i pårørandeforeninga ved Sunnylven omsorgssenter, Ruth Hole Aaland takka så til slutt dei to for ein fin konsert. Veldig kjekt at to frå Sula kom til Hellesylt med ein så fin konsert, sa ho. Og som ei lita gåve til dei to hadde ho med kvar sin pakke Ringdalmør frå Ole Ringdal AS, hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt. Det sette dei to musikarane stor pris på.

Det vart ei triveleg stund for bebuarane som møtte fram, ein liten time med leikne tonar på piano og trompet i daglegstova på Sunnylven omsorgssenter fredag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →