
Under øving i Tronstad grendahus møtte vi musikarar i Fossedur med gjesteartistar. Det var imponerande å høyre på.
Søndag 2. november arrangerer Sunnylven pensjonistlag konsert med Fossedur på Sunnylven samfunnshus. Der blir også fleire gjesteartistar å høyre.
Vi var innom Tronstad grendahus nyleg der øvingane til festen gjekk for fullt. I tillegg til musikarane i Fossedur var også tre andre med på øvingane.
Det let vakkert, både frå instrument og frå songaktørar då «Aks av gull» tona ut i grendahuset.
Om vi skal uttale oss om det vi fekk høyre i grendahuset blir det avgjort ein flott og minnerik konsert på Sunnylven samfunnshus 2. november. Det er berre å krysse av datoen, for dette arrangementet bør mange få med seg.