16. februar 2026

Pusterom – med blåtonar og kvile

Musikantar.

Sunnylven kyrkje, torsdag 16. oktober kl. 20

Det kan vere dagar der vi kjenner oss frynsete og slitne. Dagar der tankane går i ring, og kroppen er sliten.
Tider der vi lengtar etter å puste – djupt og fritt. Etter eit rom der vi kan vere heile oss, med alt vi ber på, alt vi ikkje får til, alt vi ikkje orkar å seie høgt.

Pusterom er ei varm og vakker samling midt i hausten. Ei stund der du kan senke skuldrane, lytte til tonar som ber, og ord som opnar. Der du kan tenne eit lys, finne kvile – og kanskje håp.

Denne torsdagen har vi med oss eit stjernelag av musikarar, som vil løfte oss inn i både pusterommet og Bluegrass-stilen:

Johan Habostad – gitar

Erik Torset – mandolin og dobro

Per Olav Hånes – bass

Gunnar Inge Eide – tangentar

Synnøve Hjellbakk Hole – fele

Kristin Storstein og Tone Vollen Sperrevik – vokal

Liturg er sokneprest Ann Kristin Langeland.

Samlinga vert prega av musikk og song, men også av tekstrefleksjon og høve til lystenning.

Det vert kollekt til nytt flygel i Sunnylven kyrkje – eit instrument som kan få tonane til å sveve vidare og gje rom for framtidige pusterom.

Velkomen til Pusterom.
Velkomen til kvile.
Velkomen akkurat slik du er.

Helsing Sunnylven kyrkje og Sunnylven sokneråd

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →