
I Holedalen var det dugnad sist laurdag. Der vart det saga og rydda krattskog langs med vegen eit langt stykke.
Veret var det aller beste seint i oktober då Holedalen veglag kalla inn til dugnad laurdag. Langs vegen hadde det vokse opp mykje krattskog som skygge for sikta etter vegen, og laurdag vart mykje fjerna. To arbeidslag med motorsag og anna høveleg utstyr rydda to områder langs vegen der krettskogen var aller størst. På to stader og i ei samla lengde på vel ein halv kilometer vart det ope og oversiktleg.
Vegen vart også skrapa med traktor og vegskrape, så no er vegbana betre enn nokon gong, nesten betre enn deler av bygdavegen.
Men Holedalen veglag har andre meir alvorlege problem å jobbe med etter den vel 6.0 km. lage sætrevegen. Midtvegs i dalen går der kvar vinter store snøras som skadar vegbana. Veglaget har årleg sett i stand vegen igjen og har etter kvart fått seg ein høveleg stor kostnad, rundt 50.000.- i gjeld vart det sagt.
Dei vil no sende søknad til Naturskadefondet om støtte til nedbetaling av kostnaden.
Vegen i Holedalen er ein viktig driftsveg for bønder, men også for mange andre om sommaren som vil gå fjellturar, prøve fiskelukka, eller berre få ei fin naturoppleving.
