18. november 2025

Saudehaudfest på laurdag

I Sunnylvsbygda grendahus blir matbordet fylt opp med det beste frå jord til bord på laurdag kveld.

Om få dagar er det Saudehaudfest på Sunnylvsbygda grendahus. Håper du har meldt deg på.

Laurdag 1. november er det Saudehaudfest på Sunnylvsbygda grendahus, festen med det tradisjonsrike måltidet, salt, tørka og kokte saudehaud. Som ekstra del av måltidet serverer gode kokkar frå grendalaget poteter og kålrot til. Men skulle du ikkje like saudehaud har du eit godt alternativ, kokmør frå Ole Ringdal AS.

Mange har meldt seg på til den årlege festen i Sunnylvsbygda grendahus, men framleis er det nokre få plassar igjen. Du kan melde deg på til;
Olav Lade mob. 918 93 177
Oddbjørg Stadheim mob. 408 41 702.

Sjølv om jerven har herja stygt mellom sau og lam i Sunnylven denne hausten er grytene fulle av god, tradisjonsmat laurdag kveld. Så ring og bli med på festen på Sunnylvsbygda grendahus der kvelden blir avslutta med dans til langt ut i dei små timar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →