
Roger Severin Bruland, NRK sin tidlegare Europakorespondent har gjeve ut boka «Team Berlin». Nyleg var han på Hellesylt og signerte fleire eksemplar.
Roger Severin Bruland frå Innvik var Europakorespondent for NRK i fire år, frå 2019 til 2023. No har han skrive bok om hendingar frå åra, ei bok han har kalla «Team Berlin» med tilbakeblikk på dei fire åra.
Med bustad i Berlin fekk boka også namn etter byen han hadde sitt kontor i, ei bok som er full av store og små hendingar frå heile Europa.
I Dagsrevyen såg vi stadig reporteren Bruland, ofte ikledd verneutstyr frå topp til tå, for det var ikkje berre fredfulle hendingar som vart rapportert om til heimlandet. Det var store og små politiske konflikter, ofte krig, og snart kom pandemien over Europa.
Mykje av dette har fått spalteplass i boka «Team Berlin». Men også andre hendingar som møte med fleire av Europas mektige leiarar er omtala.
På Hellesylt Boutique & Bar var det fullt av folk laurdag 18. oktober. Alle ville møte forfattaren og gjerne kjøpe eit eksemplar av boka.
Og Bruland signerte og svara på spørsmål i meir enn ein timen som han hadde avsett på Hellesylt.
Møtet og sal av boka på Hellesylt var ein av fleire stader Bruland har besøkt i det siste.