
Ein god sesong for cruisebåtsesongen går mot slutten i Geiranger og på Hellesylt. Mange turistar har besøkt området sjølv om anløpa har gått ned.
På Hellesylt la den store turistbåten Euribia til kai måndag 6. oktober. Han låg der heile dagen og var den siste denne sesongen.
I Geiranger er der fire anløp igjen i oktober, den siste kjem til turistbygda 29. oktober, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.
Ho fortel om ein sesong med ferre anløp, men like fullt ein god sesong. Talet på båtar har vore mindre, men større båtane har frakta med seg fleire passasjerar, så sesongen har vore brukbar, synest ho.
Frå neste sesong som startar tidleg i april og varer langt ut i november blir det ein nedgang av store båtar som ikkje stettar krava til utslipp.
Til Hellesylt er det meldt inn 75 anløp alt, og fleire kan kome. Men turistane vil gjerne sjå også den spesielle og vakre Geirangerfjorden, men totalt sett blir det ein betydeleg nedgang då mange båtar ikkje får lov å gå inn fjorden grunna utsleppa, seier hamnesjefen.
-Det er berre båtar under 10.000 tonn og med miljøvenleg utslepp som får lov å segle her neste år, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.