19. november 2025

Spanande år i Fjellrosa 4H

På haustfesten til Fjellrosa 4H fortalde Tora og viste lysbilete av dei mange aktivitetane klubben hadde vore med på det siste året.

Medlemane i Fjellrosa 4H hadde fått oppleve mykje det siste året. Det kom fram under haustfesten til klubben.

Under haustfesten i Fjellrosa 4H i Sunnylvsbygda grendahus fekk dei mange høyre om dei mange aktivitetane klubben hadde drive med det siste året.
Leiar Tora Kvamme Rusten ønska alle vel møtt til årsfesten og deretter tok ho publikum med på mykje av det medlemane i Fjellrosa 4H hadde vore med på i 2025.

Vi tek med noko av det Tora fortalde om;
*Det starta med besøk i trampolineparken på Digerneset, og etter på gjekk turen til BurgerKing.
*Siste aktivitet dette året (2024) var nissefest i grendahuset på Hauge.
*Etter nyttår var Fjellrosa 4H samla til akedag på Hole med servering av bollar og kakao, og det vart tur på snøscooter for mange.
*Styret i klubben var deltakarar på Superhelg og fekk lære om verv i 4H.
*Litt seinare vart det arrangert karneval med kiosk og mange aktivitetar i grendahuset.
*Så vart det tur til Sunnmørsbadet i Fosnavåg der mange var med,
* og litt seinare var det aktivitetsdag på badestranda på Hellesylt.
*Ved Sunnylven skule vart det arrangert aktivitetsdag med instruktør som lærte medlemane volleyball.
*Ut på våren/sommaren vart det arrangert elvepadling frå Danefossen til Øie bru. Her var Helge Kvam Karbø rettleiar.
* Også ein sopptur på Karbø var fleire medlemer med på, arrangert i samarbeid med Sunnylven Bygdekvinnelag. Etterpå var det grilling på badestranda.
*Mange medlemer hadde vore med på kurs og leirsamkome i 2025. Sune var på storkurs på Stranda, nokre var på Nordisk leir saman med deltakarar frå Sverige og Finland, og enkelte var på Fylkesleir . Der var Linus instruktør i kampsport.

Dette og meir fortalde Tora om innleiingsvis på haustfesten. Som ein forstår er Fjellrosa 4H ein aktiv klubb der aktivitetane fangar interesser for dei fleste.

Mange støttar opp om arbeidet til Fjellrosa 4H, og gav premiar til utloddinga på haustfesten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →