19. november 2025

Stor haustfest i Fjellrosa 4H

I alt 17 4H-medlemer var til stades på haustfesten og fekk sine vitnemål for fullførte oppgåver

Laurdag 18. oktober var det haustfest i Fjellrosa 4H. Festen var på Sunnylvsbygda grendahus der mange møtte fram både av foreldre og andre.

Fjellrosa 4H driv godt, det fekk alle som kom til haustfesten på Sunnylvsbygda grendahus sjå og høyre. Her kunne alle sjå ei lang og flott utstilling av oppgåver som 4H-medlemene hadde jobba med det siste året. Imponerande utført tykte mange.

På haustfesten var det servering til alle frammøtte av både kaker, kaffi og saft, og medlemane i Fjellrosa 4H organiserte program av fleire slag, og som mora dei frammøtte. Det var rett så triveleg på haustfesten i den store salen i grendahuset på Hauge også denne gongen.
Der var også loddsal og masse premiar sponsa av fleire bedrifter i næringslivet, og som vart delt ut til heldige loddkjøparane.

Litt leik og moro var det også tid til. Her er medlem på ei viss tid pakka inn i toalettpapir

Til slutt var det så merkeutdeling til 17 4H-arar som hadde fullført og fått godkjent sine oppgåver. Eit flott resultat i Fjellrosa 4H nok eit år. Mykje av takk og ros må nok gå til dei to rådgjevarane i klubben, Silje Stadheim og Dovile Sundgot. Dei fekk overrekt gåver og blomar frå to leiarar i Fjellrosa 4H.

Leonard Sundgot var ein av dei mange som stilte ut ei fin 4H-oppgåve

Desse fekk sine 4H-merker:
Senior:
Linus Frøysa,                               -delteke på SAS, fylkesleir og nordisk leir
Ronja-Mari Tronstad,              -hobby
Sune Frøysa,                                -vore på superhelg, årsmøte, SAS, fylkesleir, Nordisk leir og storkurs
Ingeborg Fivelstad Stadheim, -Å flytte på hybel
Sina Helen Frøysa,                    -skyting
Tora Kvamme Rusten,             -Delteke på superhelg, årsmøte, er leiar i klubben
Elias Skjortnes Røyrhus,        -Legobygging, er nestleiar i klubben, deltok på superhelg og årsmøte
June Tronstad,                             -kald dessert
Junior:
Jakob Frøysa Hånes,                  -Gardsarbeid, er sekretær i klubben (Ikkje på haustfesten)
Fredrik Fivelstad Stadheim, -Fjellturar, sekretær, delteke på superhelg og årsmøte
Erle K. Rusten,                              -Norway cup 2025
Sofia Kristina Pacificar,          – Skyting
Ane Brenne Ringdal,                – Måling
Sofia Sæter Hole,                       – Fødsel, kyr
Johanna Olave Hagen Røyrhus, – Teikning og måling
Aspirant:
Saga-Emilie Frøysa,                     – miniatyrskyting, er også styremedlem
Jeshan Emmanuel Pacificar,  -Min sommarferie
Leonard Sundgot,                        -Frå lam til sau, var også med på fylkesleir
Kløvermedlem:
Teodor Sundgot
Vetle Støverstein.                          Er også kløvermedlem, men ikkje på haustfesten
Sofia Fesenko,.                               Er også medlem , men stile ikkje ut , starta litt seint

Til slutt på haustfesten fekk dei to rådgjevarane, Silje Stadheim t.v. og Dovill Sundgot t.h. takk, gode ord og påskjønning for godt utført arbeid i klubben av Tora Rusten og Sune Frøysa.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →