Laurdag 11. og søndag 12. oktober blir Fotodagane 2025 arrangert i Storfjord kulturhus på Stranda.
Til helga arrangerer Stranda Fotoklubb sine årvisse Fotodagane i Storfjord Kulturhus. Kor mange gonger arrangementet har blitt skipa til veit ikkje vi, men fotoutstilling er populær og mykje besøkt.
-Stranda Fotoklubb er ein klubb for dei som har interesse for fotografering, står å lese i brosjyra som klubben har sendt ut.
Der er månadlege medlemsmøter og interne fotokonkurransar, opplæring, fototurar, og året blir avslutta med «Fotodagar» og utstilling av medlemane sine beste bilder.
Fotodagane i år er laurdag 11. og søndag 12. oktober. På kulturhuset stiller fleire av klubben sine medlemer ut bilder og dei fleste er til sals.
Også barnehagar stiller ut bilder som barna sjølve har teke, les vi i ei brosjyre som er utsendt.
I kafeen kan ein få kjøpe mykje godt, som kaffi, te, brus, kaker og smørbrød. Der kan ein også kjøpe Strandakalendaren 2026, og betaling foregår med VIPPS, eller kontantar.
Ta turen til Storfjord kulturhus og støtt Stranda Fotoklubb og Fotodagane 2025.
